Paddefest med blodsmak

Posted av i Blogg
  • Font size: Larger Smaller
  • Visninger: 2957
  • 1 kommentarer
  • Abonner på oppdateringer
  • Skriv ut

Padder-4.jpg

Den vårlege varmen fører til stor aktivitet i dette 150 meter lange skogsvatnet. Paddene er i gang med sitt årlige sexliv. Men ikkje alt er like idyllisk i dette mørke vatnet.

 

b2ap3_thumbnail_Paddefest-4.jpg

Langs heile den fuktige vasskanten kryr det av store og mindre padder. Alle er opptekne av ein ting. Det er å setja nye paddeliv til verda. Det går ein lågmælt, nærmast knurrande song blant alle aktørane. Fjorgamalt gulnande gras og fuktig grøn mose mellom kvite bjørkelegger, er arena for dette utrulege skodespelet. Det må vera fleire hundre padder i aksjon, i og ved dette tjernet.

b2ap3_thumbnail_Padder-3.jpg

Opp frå det mørke vatnet kjem to padder. Det er ei ho med ein hann som klamrar seg fast på ryggen hennar. Ho er betydeleg større og har ein raudleg farge på den knudrete huda. Han er mørk og grønleg i fargen der han rir på si utvalde som vraltar seg framover på vassbredda, på langt frå elegant damevis. Ein annan hann har lyst å bli med på turen. Utan å bry seg om at det er ein der frå før, prøver den å koma seg opp på den breie ryggen hennar. Forplantningsinstinktet er stort hos paddekarane. Eit elegant karatespark frå hoas eine bakfot sender den innpåslitne rett i kanvasen. Då ser me at hoa har ein blindpassasjer. Ein svart blodigle har hengt seg fast i nakken hennar under hannen. Der syg den blod samtidig som den skil ut eit slags skumaktig sekret. Det skal sørge for at blodet ikkje skal koagulera. Den mørke blodsugaren ser rett og slett ekkel ut. Det må vera ubehagelig å ha den der.

b2ap3_thumbnail_Padder.jpg

Det er fleire iglar på denne paddefesten. Enda ei padde har kome på land og slit med eit individ som har gått laus på nasepartiet. Etter gjentekne slag med forbeina klarar den endeleg å få laus den plagsame parasitten.

b2ap3_thumbnail_Padder-2.jpg

Dag Dolmen ved Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet i Trondheim (NTNU), er ekspert på amfibier og kan fortelja at dette er heilt typisk når paddene samlar seg for gyting. Då dukkar også blodiglane opp. Han opplyser også at dei står på den norske raudlista for 2010. Dei er ein sårbar art som ein kan finna frå Sørlandet via Vestlandet og opp til Nord-Trøndelag. Dolmen har registrert forskjellige lokaliteter rundt i landet, men dette vatnet som ligg på Lepsøy i Os var nytt for han.

b2ap3_thumbnail_Paddefest.jpg

Paddene vaknar til liv i april og blir aktive med forplantninga ved brukbar temperatur. Då kjem dei strøymande frå overvintringsplassane og ned til leikevatnet. Ved kjøligare vær blir det straks mindre liv ved tjernet. Etter omtrent ti døgn klekkes egga og rumpetrolla kjem fram. Utpå sumaren forvandlast dei til eigentlige paddar. Seinhaustes er dei utvaksne. Då er det tid for dei å gå i vinterdavale.

b2ap3_thumbnail_Paddefest-2.jpg

Dette er eit av dei mange vårteikna som me gjerne ynskjer velkomen. Det skjer mykje i naturen no, og det fører til ei svært travel tid for ivrige naturfotografar.

b2ap3_thumbnail_Paddefest-3.jpg

 

Tagged in: Blodigler Padder Vår

Kommentarer

  • Smithd443 torsdag, 26 juni 2014

    Every weekend i used to pay a visit this website, for the reason that i wish for enjoyment, for the reason dekdbgfbdkeeeebe

Skriv kommentar

Gjest mandag, 18 desember 2017
Du er her: Home Lind og Lunde Paddefest med blodsmak